Info
Datautstyr
På LAN-et er det lov å ha med PC og konsoll (Playstation, X-box, etc). Det er heilt greit å ta med seg begge delar, men vær OBS på at du har begrensa plass tilgjengeleg på bordet. Nokre ting som er lure å ha med:
-
PC, skjerm og kabler.
-
Mus og tastatur
-
Hodetelefoner / Headset
-
Nettverksledning (5-10 meter)
-
Konsoll, kontrollere og utstyr
-
Mobiltelefon og lader
-
Eigen stol (kan låne stol av oss, om det skulle vere nødvendig)
Skulle du mangle noko til datamaskina di, så ta kontakt med crewet. Det kan hende me har diverse deler tilgjengeleg.
Lurt å ha med
-
Gode sko, og gjerne fleire par.
-
Sovepose og liggeunderlag, f.eks. luftmadrass eller ei vanleg madrass. Veldig greit å ha eit varmt teppe eller dyne tilgjengeleg.
-
Me anbefaler å ta med bankkort, men kontantar kan også takast i bruk.
Hygiene
Om du har planer om å sove på LAN-et, anbefaler me å ta med eit skift med reine klede, spesielt sokkar og undertøy. Ta med håndklede, såpe og dusjsaker. Me har garderobe tilgjengeleg om du skulle ha lyst til å ta ein dusj!
Me er veldig opptatt av hygiene, og er spesielt opptatt av at du vasker hendene etter toalettbesøk, og før du skal ete. Toalettsaker du kan ta med:
-
Såpe og shampoo
-
Tannbørste og tannkrem
-
Deodorant
-
Medisiner o.l.
-
Hårstash, strikk
-
Håndklede
Mat og drikke
-
Ta med deg mat og drikke, eller pengar til mat og drikke. Me har kiosk på LAN-et med rimelege priser, og det er butikkar i nærleiken. Me har vasskokar og mikroomn/omn om du vil varme opp mat. Du kan også ta med ein tørkerull om du skulle søle.
Soving
-
Det er gode moglegheiter for å overnatte på LAN. Ta i så fall med deg sovepose/madrass. Alle treng søvn, og erfaringsmessig får man betre utbytte av LAN om ein sover regelmessig. Det er eigne avsatte soveområde der ein kan leggje ut madrassa si.
Forbodne gjenstandar
-
Kjøleskap og andre kjøkkenartiklar
-
Vasskokarar (dette er noko me har tilgjengeleg)!
-
Høgtalarar og musikkanlegg
-
Ulovlege midlar og substansar
-
Knivar og andre farlege gjenstandar.
-
Alkohol
Tinga dine
-
Ta vare på tinga dine. FULK tar ikkje ansvar for gjenstander som forsvinn under arrangementet. Heldigvis, skjer dette svært sjeldan, og førekome mest ved at tinga blir gløymd att. Ta med ein sekk der du kan leggje mobiltelefon, mus, eksterne diskar og andre verdifulle smågjenstandar, når du skal sova eller vere vekke frå plassen din. Me samlar opp gjengløymde gjenstandar av ein viss verdi, men tar berre vare på dei i nokre dagar.
Ta ansvar
-
Ta ansvar for deg sjølv. På LAN er det ingen som passar på når du skal sove eller ete (hjelp gjerne andre deltakarar med å ta vare på seg sjølv). Les beskjedene som kjem på storskjermene i salen, og lytt til meldingane som kjem på PA-anlegget.
Følg beskjedar
-
Gjør som crewet seier. Dei fleste som jobbar som crew på LAN har vert med lenge, og har og erfaring frå andre dataparty. Dei gir ikkje beskjedar for å vere vanskelege, men for at alle som er deltakarar skal ha det kjekt.
-
Switcher som dekkes over av klede, kan bli varme og dermed slutte å virke – då mistar du, og mange andre nett. Strømkretser som blir overbelasta - slik at sikringa går - kan ramme fleire titals deltakarar.