VårLAN avlyst - Viktig!


Grunna fare for spreiing av coronaviruset, og eit mindre bra billettsalg, vil FULK avlyse VårLAN-et 13. - 15. mars.


Me synest det er veldig kjipt å måtte avlyse, men me vil stå fram som eit godt eksempel; å ta viruset på alvor. Det er ikkje alle som er i risikogruppa for dette viruset, men nokre kloke ord har satt seg fast i hovudet hos mange av oss i crew: "bedre føre var, enn etter snar". Sjølv om det er mange forebyggande tiltak me kan benytta oss av, så vil me helst vere på den sikraste sida.


Billetter vil dermed bli refundert og ført tilbake til kjøper sin konto - snarast. Om du lurar på noko angåande avlysinga av LAN-et, eller har andre generelle spørsmål, kan du med glede spørje oss på anten Facebook, Instagram eller Discord.


Sjølv om VårLAN-et blei avlyst, ser FULK framleis fram til å sjå dåke på fremtidige LAN!


Og husk: sjølv om ikkje du er i risikogruppa - ta hensyn til alle rundt deg!

-Med vennleg helsing alle oss i crew :)



25 views

Recent Posts

See All