Søk om å bli Crewmedlem!

Har du nokon gang hatt lyst til å arrangere eit LAN, hjelpe andre deltakarar, eller har du kanskje det som trengs for å ikkje svi ein pizza kolsvart? Då er FULK-Crew perfekte rollen for deg!


Søkjar må vere 15 år eller eldre!

FULK er nemleg ute etter nye medlem som har lyst å bidra til å levere dei beste LAN-opplevingane. Hos FULK-Crew har me fleire avdelingar med ulike oppgåver, og me har garantert ein avdeling som passar spesifikt deg!


Event-crew: Har du lyst å setje opp og organisere konkurransar for deltakarar, annonsere vinnarar, og elles skape litt stemning? Då passar Event-crew for deg!


Info-crew: Likar du å jobbe med media eller å snakke med folk som treng informasjon? Info-crewet er perfekte plassen for dei som vil utdele viktig informasjon for alle våre deltakarar.


Kiosk-crew: Likar du å lage mat, eller kanskje du har eit megatalent innan pizzasteiking? Då kan kiosk-crew vere ei god rolle for deg! Her har du blant anna moglegheita til å vere kongen/dronninga av kiosken, og supplere alle deltakarane med både mat og drikke!


Security-crew: Har du nokon gong hatt eit ønskje om å stå med mørke solbrillar med armane i kryss og sjå kul ut? FULK gir ikkje ut solbrillar, men med security-rollen er du definitivt den kulaste på staden! Som Security-crew er det din oppgåve å passe på at alle deltakarar følgjer reglane på LAN. Om dette høyrast ut som noko for deg - søk i veg!


Tech-crew: Har du ein interesse innan data, nettverk eller andre teknologiske dippeduttar, kan Tech-crew vere plassen for deg! Som Tech-crew er det din jobb å sørgje for at deltakarar har tilgong til internett, straum og det essensielle for å drive eit LAN. Om du er god å hjelpe andre med dataproblem, eller du kan stille spørsmål som "Har du prøvd å skru den av og på?", så er Tech-crew den riktige plassen for deg!


Rigge-crew: Om du ikkje ønskjer å delta som Crew på LAN-et, men vil hjelpe til før og/eller etter LAN-et er ferdig, kan du også søkje om å bli Rigge-crew. Rigge-crew vil få gratis mat og drikke under opp- og nedrigg, og vil i tillegg få rabatt på LAN-biletten sin. Ein god moglegheit til å hjelpe FULK, og for å spare pengar!


Om ingen av desse avdelingane høyrast interessante ut for deg, eller om du er usikker på kva du vil, er det alltids mogleg å delta som crew allikavel, så kan du få prøve og sjå korleis det er å vere medlem i FULK-Crew! Om du vil søkje om å vere Crew, kan du trykkje her, eller du kan finne linken på FULK si heimeside under "Kontakt oss" --> "Crewsøknad".


Me håpar på å få sjå deg som Crew til neste LAN!



15 views

Recent Posts

See All